Jul 09

Ut å skyte fisk

by in Flaskepost

Eg vert ein betre og betre jeger. Dei siste to dagane har me ete sjølvskoten fisk. Eg er sår på magen etter å ha lada speargunen. Anne seier det er eit syn å sjå meg når eg tek ut med lettbåten i stråhatt, badesko, badetrøye og resten i solkrem. Visst nok ikkje så sexy, men eg kjenner meg herleg mandig. Når eg har skote ein fisk. Pleier eg å flytte meg til ein ny plass, for sjølv om “halloane” er passe små er dei desto fleire etter eg har gjort litt fangst. Eg årsakar meg med at “dei kjem til å ta frå meg min neste fisk”, men sanninga er at eg ikkje har vorte heilt vant med deira tilstedeværelse. Anne er framleis veldig rask når ho badar frå båten.
Liva leikar berre i vatnkanten under oppsyn. Rasjonelt er kokusnøtter meir farlege, men sidan dei sirklar seg heilt opp i strandkanten er me heller litt for forsiktige.

Men det er Paradis og gode dagar. Fuglane er kvite. Palmene høge og havet krystallklart. Dette er jordomsegling på sitt beste.

-16,04927 -142,22238

Tags:

One Response to “Ut å skyte fisk”

  1. From mor Marit:

    Ja ja bare du ikke ender opp som “tante” er det flott at du skaffer mat til familien:)

    Posted on July 11, 2010 at 3:26 pm #