Jul 16

Slow motion i opp til 40 knops vind

by in Flaskepost

Plutseleg bestemte me oss for å lette anker og ta ut frå paradis for å gå mot nye paradis. Me stoppa for å helse på ein annan seglbåt som var kommen til atollet. Det var Candella frå Sverige. Åtte ungdommar i ein middels stor seglbåt! Det verka til å ha det arig saman – trur dei får låne båten gjennom ei forening og at dei rullerer mannskap.
Me skulle vidare. Rett før sola gjekk ned lurte me oss ut mellom korallrev og stakar gjennom passet. Himmlen mørkna og igjen laut me segls på ein flik av framseglet for ikkje å komma fram til Makemo før sola. På natta fekk me stadige regnbyger med vind opp i 40 knop. Anne var styrkvinne fram til kl 01. Kleng resten.
Det er to pass på Makemo atollet. Begge er kjent for sterk straum. Me ville gjera eit forsøk på morgonen, ein time etter høgvatn. Men hovudplanen var kl 14, ein time etter lavvatn. Forsøket kom ikkje igang før to timar etter høgvatn pga ein fin Dorado (Dolfin fish / Mai mai)
som ville vera med å gjera oss populære. Det vart teke bilde, så me skal ikkje lyge på oss meir enn at den var omlag 20 kg. Så snart den var festa på hekken gav me gass inn passet. Me kjempa oss gjennom store ståande bølger, kraftig motstruam og rev på begge sider til me ikkje våga meir. Då var farten nede i 0,3 knop med over 2000 omdreiningar, me
snudde kjapt. Me var vips ute igjen. Eg gløtta på speedometeret: 12 knop!
I sju timar lag me i bi utanfor atollet før me kom oss gjennom. Då fekk
me moralsk støtte og hjelp til oppankring frå dei to båtane som låg her inne. Dei fekk fisk.

-16,37599 -143,34157

Tags:

Comments are closed.