Når ein snorklar rundt korallane kan ein finne strekar i sanden. Dykkar ein ned og rotar rundt der streken stoppar kan ein finne flotte skjell, dog
med sneglar i. Ein veit aldri kva slag ein finn før ein har det i handa. Ein skal vera litt varsam ved di enkelte sneglar har ein giftig brådd som kan råka ein uvarsam samlar.
I går måtte eg vaske kjølsvinet. Stundom dannar det seg ei suppe av
bakteriar i brakkvatnet der som får det til å minne om kjærnefysisk avfall. Det er ein vaskejobb som står i grell kontrast til det paradis me har ute. Stikk ein nasen ned i eit av hulla i dørkplatene luktar det no eddikk, klor og zalo. Mykje betre altså.
Maten me bunkra i Panama rundar no eit halvt år. Havregrøten tok slutt i går, men me fekk påfull til Liva frå våre seglande venner (ligg no 3 båtar på atollet). Av 50 kg kveitemjøl er me no på siste 10 kg. Me trur det er laurbærblada som har lykkast i hindre meldyr. Dørken er snart tom for drikke, men bønner, linser og macaroni & cheese har me overskot av
til å bytting og gåver…
-16,57231 -144,34850 (Tahanea)

From AslakBeste:
De skriv om monsterfiskar. Tori ( Kjølvik ) sette line etter pigghå for nokre dagar sidan. Då lina skulle trekkjast, duppa blåsa heller tungt i sjøen. Dei fekk opp ei håkjerring på 700 kg. Den kan ikkje etast. Eg har sett bilete av Tori ved sida av kjerringa ( i kjetting etter lesseapparat på traktor ) Imponerande. Me fiskar makrell om dagane, får spir. Dei er gode! Steiker på grua ved naustet. 2 fiskar er nok til 1 middag. Har ikkje snorkla ennå. Sjøen har vore kald, brennmanetane mange.
Ville gjerne lært fridykking av deg, Kleng, endå om du ikkje vinn alle fiskebataljer. Dette med spyd og skyting appellerer til krigaren i meg.