Jul 24

Paradise continued…

by olav in Flaskepost

“Yes! Perfekt skot rett framme gjennom buken”, tenkte eg. Gleda vart vendt til sorg før tanken var ferdigtenkt. Den kanskje 15-20 kg Wahooen (vanskeleg å sei i vatnet og ingen kan etterprøve fakta) eksploderte og ruska lina laus frå våpenet og forsvann med spydet mitt gjennom kroppen.
Dei siste dagane har me vore mykje saman med familien på fire på Orphee. Døtrene knivast om å passe Liva. Sandrine samlar gjerne skjell saman med Anne. Philip er pensjonert dykkar i det franske militæret. Femten år i militæret og så kunne ein pensjonere seg! Galskap. Me har drive UV (undervatn jakt) saman. Det eg tek inn på gode våpen kompanserer han i
ferdigheter. Dei siste dagane har me tima jakt med inngåande straum i passa og teke dingyen ut for så å drive gjennom med straumen. Me ser stor hai (great hammerhead), mykje små karar, gedigne mantra rays og ulik revfisk. Eg har fått undervisning i kva fisk som er trygg og kva fisk som er usikker. Eg har skutt tropical dorado, red snapper (på havet igjen pga utrygg), pappegøyefisk, mulle, gouper og nå i går mista eg
altså spydet mitt i ein nydelg “laks” på tredje gjennomglidning gjennom det vestlige passet. Eg er sur på butikken som monterte våpenet og ikkje hadde laga clampsa betre. Eg hadde line frå våpenet opp til bøya og kunne ha sluppe meg fri og lete fisken slite seg ut for seg sjølv, men lina til spydet opna eg alt for lett og eg fekk aldri tid til å sleppe våpenet.

Me gjekk til austsida i atollet, slik at me ligg godt i ly innanfor revet for austavinden. Eg rei inn mellom korallhovud på fyrste salingshorn til oppankring i solnedgangen. Anne med stor mage bak roret. Liva låg utsrakt og søv på benken i cockpit. Ikkje eit minutt for tidleg
kom me fram, vil erfarne sei. Nå ligg me ved ei lita sandøy og nyt nok eit Stillehavsparadis.

-16,58349 -144,36692

Tags:

Comments are closed.