Nordwind er ein nydeleg seglbåt frå 1939 som ligg like ved oss. Eit mannskap på fire frå Argentina held alt blankt og lakka. Båten har engelsk flag og tysk eigar. Eigaren er ombord mellom to og tre veker i året. Han kjem på om to veker. Han elskar pasta med parmasan. Her i Marquesas er det urå å få fatt på denne osten. Kapteinen er sjakkspelar. Dei to siste dagane har tapt ein kilo ”Dulce de leche” i håp om å vinne eit av våre parmasanglas. Mannskapet ler og fortviler over tapet over sitt favoritt pålegg.
Eg kjøpte eit pvc vatnrør til å erstatte ei forsvunne spile i storseglet. Då eg skulle tilpasse det fann eg at fleire av trådane i seglet var rakna. Seglet er no levert seglmakar for service.
Me har også fylt Butan på våre Propan-tankar. Butan brenn litt anleis og skal ha høgare trykk, men nokre seglarar seier at eg framleis vil kunne lage havregraut om morgonen på Butan så me gjev det eit forsøk.
I morgon tenkjer me å ta ut på to gode veker rundt Nuku Hiva. Det skal vera mange nydelege ankerstader, fossefall og historiske offerstader. Planen etterpå er sjukehussjekk for Liva og Edgar, for deretter å segla nedover mot atolla på Tuamoto.
Jun 09
Nuku Hiva rundt
by kleng in Stillehavet
From AslakBeste:
Dette var spretne småfortellingar og svært vakre og utrykksfulle bilete. Mange takk. Til å vera Norge er vel dagane dykkar i eit anna tempo, de vert ikkje urolige og rykker i tiltaksføtene?
Eg tykkjer livstempoet berre vert oppskrudd og oppskrudd, det er ikkje berre arbeidet, men alt som “fylgjer med” som vil kjøva livsgneisten. Forfatting av alle slag uttalar til alla slag kontorer. NAV (sjukemelding, trygd, uttalar om..) mange slag sjukehuspapirer ( endå det er ein viss logikk i dei)..skular, forsikringsselskap, reiseselskap.. pålegg om å halda seg orientert om eitvart påkome: Nye transportreglar, datapålegg (minst 4 program å skriva i), dobbeltføring av alle slag opplysingar ( i denne datatid!) Det er som kvalmen stig.
Så seier eg dykk: Aldri kom heim. Ver der. Lat dykk ikkje freista av nokon i Noreg, de er fram komne. Søkk ned båten, fort!!