Jul 08

Jordomsegling i sin beste klisje

by olav in Flaskepost

På sundag er det total solformørkelse her i Tuamoto. Det vil sei for å få total solformørkelse lyt me segla knappe 6 timar sørover. Entusiastar kjem frå heile verda for å oppleve hendinga. Veka etter er det stor fet (fest) i heile Polynesia med lokale dansar, Vaa (kano med støttehjul) konkurransar og feiring. I tillegg er det Bastilday og stor feiring. Fotball-VM skal ha sine finalar og folk samlast for felles TV glede. Alt dette perfekt ein armlengde frå oss. Det er berre for å hive oss med. MEN me er i PARADIS! Etter slalam mellom korallar i unchartered water ligg me nå aleine og dyppar bak revet der Kon Tiki slutta sin ferd for litt over 60 år sidan. Bølgene slår mot revet og vinden bles, men me ligg trygt på flatt vatn med krystall klar sikt 20 meter. Små palmeøyer ligg som på ei snor bortetter revet langs kanten av atollet. Så inn til vidare er me Adam og Eva, Thor Heyerdahl og Robinson Cruso. I morgon skal eg plukke hummar og gå på undervatnjakt. Anne har tilvenning med å bade med små halloar (høyeres snillare ut en hai). Liva leikar med skjell og i pumpedo.

PS! Skulle du få hug til å ta deg ein tur til Kon Tikis landingasstad og eit postkort Stillehavsparadis kan du gå fram som følger: Send mail til Air New Zealand om tur-retur Tahiti. Derretter Air Tahiti frå Tahiti til Raiatea. Ta med telt, hengekøye eller sjarmer nokon lokale for ei seng (burde ikkje vera umogleg). Få ein lokal fiskar eller perlefarm til å ta deg over til andre sida av atollet…eller betre fly frå Tahiti til Marquesas (Hiva Oa/Nuku Hiva) og mønstre på som mannskap på seglbåt frå Marquesas via Tuamoto til Selskapsøyene. “Alle” seglar denne vegen på grunn av passaten og mange ynskjer ekstra mannskap pga utfordringane med å navigere mellom korallane i Tuamoto.

-16,0441 -142,2186

Tags:

Comments are closed.