Aug 02

Havets delikatesser på Tahanea

by in Flaskepost

For tre dagar sidan gjekk Philippe og eg ut på revet og sanka hummar. Havet kjem dundrane inn og knusar bølgene over revet, men på lavvatn og i månelyset kan ein bevege seg med litt varsomhet mot kanten. Med ei sterk lykt såg me augo på hummarane og kunne varsomt trø på dei for så å sanka dei i posen. Neste dag vart det grilla hummar i karrisaus på stranda for alle dei tre båtane i området.
I går la me ut kokkusnøtter som skulle lokke kokkusnøttkrabben fram på natta. Ingen krabbe møtte fram når me kom med posen vår, men etter ein promenad på stranda fekk me likevel posen full. Det blir kokkusnøttkrabbe til lunsj saman med Orphee i dag.
Kammsjell, konkylier, sju-finger skjell, blekksprut og sneglar får franskmennene ha for seg sjølv. Me planlegg likevel å skaffe oss ein dampkokekjele som gjer tilbreding av slike blaute dyr lettare og betre om me skulle måtte leve på gormetmat. Det er nok for dei som vil ha. Det krev tre konkylier per person for ein konkyliepasta. Sjølv om eg ser mange verkar det litt aggresivt å knuse tre av desse flotte skjella mot steinane for mat til kun eit måltid for ein person. Men kanskje er dette meir etisk rett enn å samle levande skjell for utstilling?
Fisk er sjølvsagt ein vinnar. Utanfor atollet og i passa kan ein skyte
seg (eller fiske) god tunfis, dorado, wahoo, spydfisk og makrelltuna. Innanfor på atollet kan ein skyte ei mengd ulik fisk, men ein lyt vera forsiktig med kva ein et ved di korallane kan gjera fisken giftig. Regelen er at ein bør halde seg til fisk som er mindre enn underarmen, kun ete filleten og sløye så fort som mogleg. Enkelte fiskeslag bør ein
også unngå totalt. Når ein jaktar er det enkelte som er favorittar og andre som får vera heilt i fred.

-16,53820 -144,34584

Comments are closed.