Aug 09

Ein “kjekkare” seglas

by in Flaskepost

Det er omlag 300 nm frå Tahanea til Tahiti. Værmeldinga sa 5-10 knop vind frå aust. Me plaska oss ut frå vårt vesle paradis atoll og sat baugen mot fyrste kjøpesenter på over 6 mnd. Med spridde segl vogga me sakte ut av Tuamoto gruppa. Med den farten me då hadde ville turen teke opp mot ei veke. Men så kom ei stor regnbyge og med den vind. Vind som vart verande og som auka på. Det var ikkje lenger noko Stillehav. I løpet av det neste døgnet var me framme på anker på Papteete! Med vind opp i 47 knop og segling over 11 knop er det godt å vera framme. Nå skal me sove på flatt vatn. Fantstisk!

I morgon skal me ta inn på marina. Me draumar om reine maskinvaska klede, Carrefor, varm dusj, nyvaska båt, 220 V rett ut av veggen og restaurantar. Det er med andre ord ingen blåmandag som ventar oss i morgon.

Blåtysdag vert reperasjon av ankervinj, autopilot, dynamo, gps, stag, drenering i ankerbrønn og mykje anna som treng service. Men nå: søvn.

-17,34 -149,37

Tags:

One Response to “Ein “kjekkare” seglas”

  1. From Svein Sameien:

    Heisann, og godt å høre at dere er velberget fremme i Papeete, jeg henger med Trondern i Amsterdam. Er på vei hjem, og siste stoppested ble Bora Bora, Iallefall for denne gang. Håper dere har det bra og at dere vil kose dere på Tahiti.

    Posted on August 9, 2010 at 8:05 pm #