Så er vi her endeleg, om bord på La Familia, datoen vi har sett fram til sidan billettane vart kjøpt i april. No er vi her, etter nærmare 30 timar på fly. 13 timar i Hong Kong og tre dagar på New Zealand. Her prøver vi å venne oss til det nye livet. Reidun begynner å forstå at det er natt, sjølv om det etter norsk tid er dag. Ho har fått erfare at vatnet er saltare, og eit par grader varmare, enn brevatnet heime i Nordfjord. Jon prøver å lære teknikken med å gå med sandalar med ein sånn dings mellom tærne og å smøre solkrem på ryggen. Vi søv utan vekkerklokke og lar sola fortelje oss når vi skal stå opp. Vi går i minimalt med klede, smører på solkrem, og ser på horisonten som stadig er i endring.
Ja, livet er annleis her, men vi kan fint venne oss til dette;) Nyt hauststormane, regnet og vekkerklokka der heime. Snakkast i november. Ship o´hoi!
position -17,29 -149,51
