Feb 29

Comotos med Håvard,

by in Flaskepost

Hadde du vore med litt lengre Halvard ville du nå låge i eit symjebasseng og
sett ut over kvite palmestrender og La Familia ankra utanfor korallrevet. Du
ville ha drukke ferskpressa mangojuice til 3 kr og kjørt lettmotorsykkel på
kronglitte vegar mellom enkle hus og til gledeshelslsingar frå born i uniform
som var på veg heim frå skulen. Du ville stoppa ved ei lita bod og betalt 2
kr for å kunne krabbe ned i ei grotte og funne eit ferskvatnbad 200 fot under
bakken.

Eller du, Bjarne Håvard som nå er i vinter-Japan, ville kanskje sett pris på
å morgon-snorkle på korallane rundt båten og vorte fasinert av at du
plutseleg fant deg inne i ein stim av Bonitos. Kanskje hadde det vore greit
med nokre dagar til med bok i skuggen på dekk når me no heiser anker for å gå
opp til Punson Island.

Håvard kosar seg som onkel, her ned i varmen. Han har teke over oppvasken etter
Bjarne Håvard, men er snart klar for å få ansvar for å trykke vekk pipinga i
autopiloten.

Me hadde tenkt å vera 1-2 månadar i Filippinene, men snakkar nå alt om at me
kanskje lyt vera lengre…

10,35.115n 124,18.104e

Tags:

4 Responses to “Comotos med Håvard,”

  1. From Reidun:

    Jajaja, Filippinene anbefalast! Både til ferie og giftarmål;) Så store favorittniesa og -nevøen har blitt! Sømjo gler seg sånn til å treffe fetteren og kusina. Ser forresten at solhatten går i arv frå dottera til faren;)

    Posted on March 2, 2012 at 9:07 pm #
  2. From Eivind:

    Liten hilsen fra Hinna!, trivelig å se at en av finnøys største landkrabbe har mønstra på……blir sikkert kjekt for alle

    Posted on March 2, 2012 at 9:34 pm #
  3. From Kyrre:

    Hilsen fra Spania. Stas aa se hvor dere er i verden.

    Posted on March 4, 2012 at 9:03 pm #
  4. From Halvard Lauvsnes:

    Aiaiai!!! Eg vil ner igjen!! Kaffer reiste eg heim?!

    Posted on March 6, 2012 at 5:23 pm #