Delfinar om morgonen
Me ligg no for anker nord-vest på Huahine, rett ved inngangen til passet. Det er morgon. Liva et kavring i melk og peikar på delfinane som ser ut til å bu i passet. Det er ein flokk på omlag 20 små svarte leikande dyr.
Kastevindar kjem ned dei frodige fjellsidene. Båten ligg på flatt vatn, men svingar litt i vinden.
No er planen å gå for motor mellom øya til ei øde oppankring ein dag eller to før me lettar anker forbi sjukehus på Raiatea og direkte til Bora-Bora. Der vert me ei veke eller slik for finalen til bryllaupsreisa for Harald og Therese før me seglar til Raiatea/Taha for nærare tilgang fødestaden.





























