Anne (27), Kleng (31) og Liva (0) har starta si jordomsegling. Det vil sei me ligg no til kai i Crews Inn marina i Port of Spain, Trinidad, og ordnar dei siste tinga som dukka opp. Som mannskap er Marit, mor til Anne, og Olav, far til Anne, med oss i omlag tre månadar. Tre månadar med svigerforeldre i ei campingvogn på eit stort hav!
Men me har fått god erfaring med å starte turen med ein mekanikar og ei førskulelærar ombord. Det er faktiskt eit tips til andre som skal på jordomsegling: skaff deg ein svigerfar. Korleis gjer eg det spør du. Vel, mange startar med å nærme seg dottera. Ja, dottera kan vera litt vanskeleg. Ho er kanskje oppteken med sitt, studier, jobb, prat og handarbeid. Men ikkje gje opp. Jenter har sine veike sider. Finn dei og smett inn. Vips står du for presten og så har du ein svigerfar.
Når eg fann min mekanikar-svigerfar, og fann at han hadde ei nydelg, ledig dotter gav eg gass. Det kastar av seg no:
- Ny montert do
- Ny montert ferskvatnspumpe
- Renska forgassar på lettbåt
- Ny støypt ankerkasse
- Tetta hull inn i skroget frå drenering i ankerkassen
- Ny montert ankervinsj (to be developed tomorrow)
Så altså om du vil på jordomsegling er det berre logge seg inn på www.7Ehimlen.com.
I fred,
Kpt Kleng
PS! Seinare kjem det nok mange tips til potensielle jordomseglarar om å “ta med ei god kone”.