Action at night
Eg hadde tenkt at kanskje ligg me for nært og at når månen lokkar tidevatnet over reva og alt vatnet skal ut passet, vil også her me nå har lagt oss kunne få eit farleg sug, men det er styr å flytta seg når ein alt har sluppe ankeret og det går som regel godt. Det gjekk godt, men me prøvte å få ankeret opp, utan hell og var klar til å sleppe kjettingen i ei blåse og ta tilbake i roligare vatn for så å vente på stille og dag og plukke det opp igjen. Men i staden venta me og kjøyrde motor to timar når det stod på som verst og klara dermed å stabilisere den dårlege oppankringa.
Den seinare tid har me hatt litt influensa, brannkoppar og mageknip ombord. Saman med førjulstider har dette hatt ein psykisk effekt av heimlengsel. Me har vel alle hemmeleg, og for nokon meir uttalt, ynskja oss under pledd på sofan i Norge, med hjelp til å ta seg av ungar og til å få vera sjuk i fred. Når me difor hadde komme oss litt og fått ein liten pliktoppfyllande smakebit av stillehavsparadiset trengte me komme oss vidare heimover. Me kom oss til sist velberga ut passet og sat segl mot nord-vest. Me har endå ikkje avgjort kvar me kastar neste anker. Eg trur kanskje på eit av dei små atolla før Yap – om nokon kan sende oss nokre waypoint til passa frå Google Earth…
1.44,61n
154.13,55e











































![Delfin09[1] Delfin09[1]](http://blog.annemeranda.com/wp-content/uploads/Delfin091-150x150.jpg)
![delfin[1] delfin[1]](http://blog.annemeranda.com/wp-content/uploads/delfin1-150x150.jpg)