Pupper, kanosegling og julenisse
Høvding Mano er også stolt over at Ifalik er den øya med flest tradisjonelle kanoseglbåtar. Det er kanoar med eit “støttehjul” som eg ved to nattmorgonar alt har vore med å segla ut av i havet på for å tråla. Begge gongene har me komme tilbake med tre tunfisk. Riggen er som ei mast som står skrått bakover frå bauen med ein støttebjelke ned i senter på kanoen. Når ein kryssar løyser ein masta og flyttar den over til motsatt side av kanoen slik at dette når vert bauen. På denne måten vert “støttehjulet” alltid liggjande og balansere opp mot vinden.
Kanoane kjenneteknest med at dei i begge endar kjem opp med ein V-dekorasjon. Kanoane er mala i svart og raudt.
Ellers er Mano er verkelege ein artig skrue. Me har valgt å le av heile karakteren. Han fullførte mesten høgare utdanning på Hawaii, men datt ned av eit kokusnøttre like før avsluttninga. Det er mogleg at det er dette som gjer at han er tildels frimodig. Det er ikkje eit møte med han utan at me endar opp med å måtte gi han det eine og andre som han treng eller ysnkjer, og kvar dag padlar han ut for sin daglige kaffikopp frå Anne. “Dynemite!” seier han når han får slik han vil ha med mykje sukker og melk. Det er lenge sidan det har vore nokon båt av noko slag her så også mange andre “treng” både det eine og andre. Det er jul, Filippinene er ikkje langt unna (som å segle til Spania) og me vil gjerne hjelpe. Difor har me dela av vårt overskot, noko som me har måtta la gå over til litt meir bytting og som me no ser må bremsast ned noko for å hindre at vennskap stadig skal ende med “maybe you could help me with…”.
Men etter kvart har me funne gode måtar på å la solcellykter, sukker, små krokar og anna smått og stort få utfolde seg til glede i nye heimar her.
Me hadde planlagt å reise videra mot Palau fyrste juledag slik at Milja kunne få reise heim til familien sin, men det er vanskeleg å forlate slik ein unik og bortgjøymt stad. Me blir litt til…og litt til.
7.14,98n 144.27,11e











































