Archive by Author
22. Aug, 2010

Regn i sløret

Regn i sløret

Me arrangerer nå bryllaupsreise for våre gode venner Harald og Therese. Dei tok oss på senga og kom i går. Me fekk lagt på senga og rydda plass i piggen til dei. I dag er gjer me oss klar for øyhopping, dvs inn med ny dynamo, bestille nytt stag, vaske klede, handle og sjekke ut…i regn på Marina Taina.

17. Aug, 2010

Edgar sjarmerte imigrasjonen

“Don’t be sorry”, seier Mr. Harrison, høvding for imigrasjonen i Polynesia. Det er ingen problem. De kan få vera her til fødsel og til Anne og barnet er friske og raske igjen etter fødsel. Me har kjøpt flybillett med New Zealand Airways (billigast om du også skulle ynskje oppleve Polynesia, ca 11000kr/voksen) med avreise 1.nov 2010. Retur til forsetting 20.mars. Me reiser heim på ferie for å jobba…

-17,35 -149,37

09. Aug, 2010

Ein “kjekkare” seglas

seilas

Det er omlag 300 nm frå Tahanea til Tahiti. Værmeldinga sa 5-10 knop vind frå aust. Me plaska oss ut frå vårt vesle paradis atoll og sat baugen mot fyrste kjøpesenter på over 6 mnd. Med spridde segl vogga me sakte ut av Tuamoto gruppa. Med den farten me då hadde ville turen teke opp mot ei veke. Men så kom ei stor regnbyge og med den vind. Vind som vart verande og som auka på. Det var ikkje lenger noko Stillehav. I løpet av det neste døgnet var me framme på anker på Papteete! Med vind opp i 47 knop og segling over 11 knop er det godt å vera framme. Nå skal me sove på flatt vatn. Fantstisk!

I morgon skal me ta inn på marina. Me draumar om reine maskinvaska klede, Carrefor, varm dusj, nyvaska båt, 220 V rett ut av veggen og restaurantar. Det er med andre ord ingen blåmandag som ventar oss i morgon.

Blåtysdag vert reperasjon av ankervinj, autopilot, dynamo, gps, stag, drenering i ankerbrønn og mykje anna som treng service. Men nå: søvn.

-17,34 -149,37

09. Aug, 2010

Do one thing every day that scares you…

hai_hoved_jpgNone_full

Jeg tar ikke nye steg hver dag, men nå har jeg endelig krysset en av mine reddharegrenser. I går fikk vi barnevakt til Liva på nabobåten Orphee, og jeg hoppet i vannet sammen med Kleng. Vi ville teste kamera i undervannspakke rundt korallene, og Kleng var veldig gira på å vise meg de flotteste korallhagene. Jeg er sjikkelig pyse når jeg veit det er hai i havet, men jeg måtte jo på dypet – før vi forlater dette eldoradoet.
Har ellers nøyd meg med å snorkle rundt de korallene som ligger så nært stranda at jeg i fantasien kan hoppe på land så snart en av havets sjefer kommer i nærheten – veldig fint det også!

Jeg angrer ikke på mitt stunt, heller at jeg ikke tok plasket før. Så ENORMT mange forskjellige fisker, – store fisker! I tillegg hilste vi på en diger blekksprut, ei litt skummel morene som holdt øye med oss da vi passerte, og haien kom! Min umiddelbare reaksjon var å gjemme meg bak kamera og fotografere, og det funka utrolig bra som “medisin” for min haiskrekk – som å se dem på TV. Lurt! Og etter en kort inspeksjon forsvant haine, uten å etterlate meg vettskremt igjen. Så er jeg kanskje ikke så fristene haimat likevel, tross min stadig mer frodige fasong;) Men tøff, det er jeg!

I dag letter vi anker og setter kurs mot Papeete på Tahiti, hovedstad i Fransk Polynesia. Litt trist å reise fra Tuamotos, men jeg ser frem til dager i marina med vaskerom, internett og franske restauranter.

16.50.98s, 144.41.55w

Anne

02. Aug, 2010

Havets delikatesser på Tahanea

Cococrb2

For tre dagar sidan gjekk Philippe og eg ut på revet og sanka hummar. Havet kjem dundrane inn og knusar bølgene over revet, men på lavvatn og i månelyset kan ein bevege seg med litt varsomhet mot kanten. Med ei sterk lykt såg me augo på hummarane og kunne varsomt trø på dei for så å sanka dei i posen. Neste dag vart det grilla hummar i karrisaus på stranda for alle dei tre båtane i området.
I går la me ut kokkusnøtter som skulle lokke kokkusnøttkrabben fram på natta. Ingen krabbe møtte fram når me kom med posen vår, men etter ein promenad på stranda fekk me likevel posen full. Det blir kokkusnøttkrabbe til lunsj saman med Orphee i dag.
Kammsjell, konkylier, sju-finger skjell, blekksprut og sneglar får franskmennene ha for seg sjølv. Me planlegg likevel å skaffe oss ein dampkokekjele som gjer tilbreding av slike blaute dyr lettare og betre om me skulle måtte leve på gormetmat. Det er nok for dei som vil ha. Det krev tre konkylier per person for ein konkyliepasta. Sjølv om eg ser mange verkar det litt aggresivt å knuse tre av desse flotte skjella mot steinane for mat til kun eit måltid for ein person. Men kanskje er dette meir etisk rett enn å samle levande skjell for utstilling?
Fisk er sjølvsagt ein vinnar. Utanfor atollet og i passa kan ein skyte
seg (eller fiske) god tunfis, dorado, wahoo, spydfisk og makrelltuna. Innanfor på atollet kan ein skyte ei mengd ulik fisk, men ein lyt vera forsiktig med kva ein et ved di korallane kan gjera fisken giftig. Regelen er at ein bør halde seg til fisk som er mindre enn underarmen, kun ete filleten og sløye så fort som mogleg. Enkelte fiskeslag bør ein
også unngå totalt. Når ein jaktar er det enkelte som er favorittar og andre som får vera heilt i fred.

-16,53820 -144,34584

28. Jul, 2010

Skjell under sanden

murex_stor[1]

Når ein snorklar rundt korallane kan ein finne strekar i sanden. Dykkar ein ned og rotar rundt der streken stoppar kan ein finne flotte skjell, dog
med sneglar i. Ein veit aldri kva slag ein finn før ein har det i handa. Ein skal vera litt varsam ved di enkelte sneglar har ein giftig brådd som kan råka ein uvarsam samlar.
I går måtte eg vaske kjølsvinet. Stundom dannar det seg ei suppe av
bakteriar i brakkvatnet der som får det til å minne om kjærnefysisk avfall. Det er ein vaskejobb som står i grell kontrast til det paradis me har ute. Stikk ein nasen ned i eit av hulla i dørkplatene luktar det no eddikk, klor og zalo. Mykje betre altså.
Maten me bunkra i Panama rundar no eit halvt år. Havregrøten tok slutt i går, men me fekk påfull til Liva frå våre seglande venner (ligg no 3 båtar på atollet). Av 50 kg kveitemjøl er me no på siste 10 kg. Me trur det er laurbærblada som har lykkast i hindre meldyr. Dørken er snart tom for drikke, men bønner, linser og macaroni & cheese har me overskot av
til å bytting og gåver…

-16,57231 -144,34850 (Tahanea)

24. Jul, 2010

Paradise continued…

Dorado

“Yes! Perfekt skot rett framme gjennom buken”, tenkte eg. Gleda vart vendt til sorg før tanken var ferdigtenkt. Den kanskje 15-20 kg Wahooen (vanskeleg å sei i vatnet og ingen kan etterprøve fakta) eksploderte og ruska lina laus frå våpenet og forsvann med spydet mitt gjennom kroppen.
Dei siste dagane har me vore mykje saman med familien på fire på Orphee. Døtrene knivast om å passe Liva. Sandrine samlar gjerne skjell saman med Anne. Philip er pensjonert dykkar i det franske militæret. Femten år i militæret og så kunne ein pensjonere seg! Galskap. Me har drive UV (undervatn jakt) saman. Det eg tek inn på gode våpen kompanserer han i
ferdigheter. Dei siste dagane har me tima jakt med inngåande straum i passa og teke dingyen ut for så å drive gjennom med straumen. Me ser stor hai (great hammerhead), mykje små karar, gedigne mantra rays og ulik revfisk. Eg har fått undervisning i kva fisk som er trygg og kva fisk som er usikker. Eg har skutt tropical dorado, red snapper (på havet igjen pga utrygg), pappegøyefisk, mulle, gouper og nå i går mista eg
altså spydet mitt i ein nydelg “laks” på tredje gjennomglidning gjennom det vestlige passet. Eg er sur på butikken som monterte våpenet og ikkje hadde laga clampsa betre. Eg hadde line frå våpenet opp til bøya og kunne ha sluppe meg fri og lete fisken slite seg ut for seg sjølv, men lina til spydet opna eg alt for lett og eg fekk aldri tid til å sleppe våpenet.

Me gjekk til austsida i atollet, slik at me ligg godt i ly innanfor revet for austavinden. Eg rei inn mellom korallhovud på fyrste salingshorn til oppankring i solnedgangen. Anne med stor mage bak roret. Liva låg utsrakt og søv på benken i cockpit. Ikkje eit minutt for tidleg
kom me fram, vil erfarne sei. Nå ligg me ved ei lita sandøy og nyt nok eit Stillehavsparadis.

-16,58349 -144,36692

19. Jul, 2010

Nye palmer

Liva vart turistattraksjon for ei gruppe av forskarar (med ektefeller) på “ekspedisjon” til solformørkinga. Lokale stilla opp i fargerike drakter og gav danseframsyning, men kamerane vart likevel retta mot vår matros. Ho er som ein hund – me kjem i kontakt med alle og ein kvar.

I natt segla me frå Makemo (atollet med butikk!) til Tahanea saman med ein fransk familie på Voilier Orfhee. Atollet er ubebodd og kvalifiserer til nok eit stillehavsparadis.

Nå er det rydding, soving og mating.

PS! Tusen takk for satelittmeldingar. Korleis går det med Thor på Touren eller vulkanskya frå Island? Har renta vorte sett opp eller børsen gått ned? Fyrste tropenatt eller siste regndag?

-16,50788 -144,41794

17. Jul, 2010

Tapte anrop

mobil

Vi har sletta alle satelittmeldinger, inkl to uleste, ved et uhell. Det gjør oss bare kjempe nysgjerrige på hvem som skrev, og hva som ble skrevet… Tar du hintet?
Ellers går dagens tips til den som sliter med høye tannlegeregninger. Ta en ferie til Fransk Polynesia, Makemo, her fikser tannlegen opp på det franske folkets regning;) Kleng stakk innom for å få sjekka ei visdomstann, alt så greit ut, men han fikk lommene stappa med all slags beredskap til skibsapoteket. Just in case. No pay.
Nå har “hurtigruta” fra Papeete akkurat vært innom atollet. Butikkene har fått fylt opp hylleradene sine, og vi har hatt Brie med honning på fransk loff til frokost. For en luksustilværelse! Vi har det godt!

Anne

16.37.59s
143.34.15w

16. Jul, 2010

Slow motion i opp til 40 knops vind

107

Plutseleg bestemte me oss for å lette anker og ta ut frå paradis for å gå mot nye paradis. Me stoppa for å helse på ein annan seglbåt som var kommen til atollet. Det var Candella frå Sverige. Åtte ungdommar i ein middels stor seglbåt! Det verka til å ha det arig saman – trur dei får låne båten gjennom ei forening og at dei rullerer mannskap.
Me skulle vidare. Rett før sola gjekk ned lurte me oss ut mellom korallrev og stakar gjennom passet. Himmlen mørkna og igjen laut me segls på ein flik av framseglet for ikkje å komma fram til Makemo før sola. På natta fekk me stadige regnbyger med vind opp i 40 knop. Anne var styrkvinne fram til kl 01. Kleng resten.
Det er to pass på Makemo atollet. Begge er kjent for sterk straum. Me ville gjera eit forsøk på morgonen, ein time etter høgvatn. Men hovudplanen var kl 14, ein time etter lavvatn. Forsøket kom ikkje igang før to timar etter høgvatn pga ein fin Dorado (Dolfin fish / Mai mai)
som ville vera med å gjera oss populære. Det vart teke bilde, så me skal ikkje lyge på oss meir enn at den var omlag 20 kg. Så snart den var festa på hekken gav me gass inn passet. Me kjempa oss gjennom store ståande bølger, kraftig motstruam og rev på begge sider til me ikkje våga meir. Då var farten nede i 0,3 knop med over 2000 omdreiningar, me
snudde kjapt. Me var vips ute igjen. Eg gløtta på speedometeret: 12 knop!
I sju timar lag me i bi utanfor atollet før me kom oss gjennom. Då fekk
me moralsk støtte og hjelp til oppankring frå dei to båtane som låg her inne. Dei fekk fisk.

-16,37599 -143,34157