Archive by Author
June 18, 2011

Talofa Aslak

Talofa Aslak

”Talofa” sier den trygge og brune mannen på kaien. ”Talofa lava” skulle eg ha svara, men eg er ennå ikkje komen inn i kvardagsryme og skikkar her i landet. Øya heiter Samoa, byen Apia.

Frå desse strender, nokre lange med kvit sand, andre med vulkansk mørk stein, reiser liane seg jungelgrøne mot nutane. Dei er spisse, og bratte klufter og skar kastar nedetter, med ein bekk i botnen. Sume stader kjem sidebekkar kastande i fossar fleire hundre meter høge. Me køyrer bil på vegar som svingar seg oppetter jungel og kulturlandskap. Der beiter det kyr, sume tider griser. Høns kjem piltande over vegen, nokre tider med kyllingar på slep. Me fer over eit høgdedrag og ser vatnet breia seg, rundt kring er det spisse nutar. Det er calderonen etter ein vulkan me køyrer gjennom. Steinane me ser er fulle av hol, vitne om at dei er danna i svær varme og med gassblører. Eine bekken med går bort til har bekkebotn av basalt, krystallisert, utan gassblører, svart stein.

PÅ søraustre enden av øya får eg høyra at det var ein tsuami i 2009. Over 200 menneske omkom. Me ser fundament og delvis knuste rester av hus. Her er eit strandsenter og me kan snorkla, Mat er å få kjøpt. Eg ser fiskar og koraller. Botnen er strødd med finger korallar, dei ligg som eit endelaust teppe. Fleier store korallar som ser ut som soppar, med stilk og hette, er brotne av og ligg livlause opp ned på botnen. Så ser eg stadig tekstilar, ein fin blondekjole voven fast nede i korallar, ein sko, nokre bygningsplater, eit par søyler …. det sig over meg ei trist tyngsle, dette kan vera rester etter den lagnadstunge dagen.

Turen vår har sitt utgongspunkt at eg er far til ein verdensomsiglar. Han (Kleng, 33år )reiser med kona si, Anne, ( 29år) og med to born, Liva ( 2år) og Edgar ( 7 mndr). Dei starta for 2 år sidan på Trinidad. Undervegs har dei hatt fleire familielemer eller vener med over nokre strekk. Eg og kona mi har fått ordna oss 7 veker fri i sumar og skal vera med på dette eventyret.

Dei to borna viser oss glede og sorg, Liva uttalar til og med titlane våre, Besta og Besten.

I dag kjem John og Naomi på ”Renova” og Eric på ”Secret agent man” innom for å feira Liva sin 2 års dag. Seinare i kveld er det flammedanskonkurranse straks attved her. Det er vist ein Samoansk tradisjon.

May 7, 2011

Kunstnar som provoserar

IMG_4028

La det ligga ein sprittusj litt for lett tilgjengeleg og Liva vil skape eit gripande samfunnsbilde gjennom sin provoserandes anti-materalistiske kunst. Med tanke på kvar ho kanskje hentar litt av inspirasjonen frå bør me nok likevel vera nøgd med at det berre er sprittusj…

May 5, 2011

Den beste dagen i mitt liv!

P1010470

Etter pannekaker til frukost med bryllaupsreisegjester frå nabobåten på besøk utanfor yachtcluben på pt. Toamare gjekk me med motor innanfor revet oppetter Tahaa. Me ankra opp utanfor eit par øde motoar og eit lite luksusresort. Der fann me ankringsplass i 7 meter sand. Igjen hadde me rokker, fisk og korallar rundt båten. Me pakka oss i lettbåten og drog inn til den nærmaste holme og gjekk over på yttersida for å la oss drive med straumen gjennom korallane mellom holmane. Edgar var litt skeptisk til ein litt stor ring, men fann snart roen. Liva peika på småfisk og spratla med beina. Me fekk god fart etter at det har blåst frå vest ei siste dagane. Snart var me igjennom og hadde rolig bading i sanden på andre sida.

Eller me var tilbake tok Anne ut for å fotografere frå resortet til ein reportasje frå Tahaa. Etter eit par timar var ho tilbake i ein sjølvstarta dingy, nett i tide for Edgar til å få sin dundermat. Nå er det kveld og solnedgang over Bora Bora i det ikkje alt for fjerne. I slutten av veka, etter nokre fleire rolige oppankringar innanfor revet tenker me å fortsette den lange seglasen heimover.

No er det tøybleievask i snorer etter båten og rensing av watermakeren.

April 30, 2011

Sailing again!

IMG_4075

Segling innanfor revet mellom Tahaa og Reiatea er herleg. Rolig seilas på flatt vatn. Me flyt. Flyt av gårde. For å få stille trompeten i akslingen. Flyt mot ein marina der båtar står som kyr som skal mjølkast. Men ikkje for å mjølke, men der aller skrapar, pussar og malar giftstoffer på båtane sine. Ingen ting minner om slike stader når ein seglar, men av og til lyt ein gjera sitt pitt-stopp. Slik som nå. Me bad om ein rask inn og ut av vatnet for å skifte det utslitte lageret frammom propellen. Det vart ein veldig lang dag, og ein dag til før me fekk komme på havet att, med frisk motor. Men no flyt me vidare. Vidare mot nye øyar og nye hav. Det er herleg.

April 13, 2011

Stillehavsprinsen vår har runda halve året:)

Edgar4


Edgargutten vokser og dagene går, han er ingen liten baby lenger. På mandag var det et halv år siden han ble født rett i nabolaget her, tida går fort! Han er en kjempeblid gutt, vi bare digger han!

April 4, 2011

På vent…etter ein liten del

cutless

Alt er klart for avreise…utanom at det kjem ein trompetlyd når propellen går rundt. Lageret som må skiftast har dei ikkje i Polynesia, så nå ventar me på pakke frå NZ før me kan løfte båten på land, skifte lager, sette på sjøen att og så heise klutane. Nå kosar me oss som pensjonistar i båten i marinaen.

Takk for satelittmeldingar. Dei vert lest opp fleire gonger og til stor glede. Me lovar personlige satelittmail til dei som tek seg tid til å sende slike helsingar til oss. Hugs at de kan dele alt med oss. Me er langt vekke lovar ikkje å sei ting vidare…

April 2, 2011

Heimen vår

jus

Mamma syns det er rart at jeg kaller båten vår for ”hjem”, ”det skal bli godt å komme hjem” sa jeg før vi reiste. Og det er vel litt rart, for de fleste av oss forbinder jo hjemmet med et hus eller ei leilighet. Men fugler har reder, dyr har hi og huler, noen bor i telt eller campingvogn, og andre bor i båt – sånn som oss. Akkurat her vi er nå er det ikke rart å kalle båten sin for hjemmet. Alle naboene våre bor jo i båt, enkelte har gjort det hele livet og kan ikke se for seg noe annet. Her er det helt normalt å bo i båt, helt vanlig, ikke noe spesielt å snakke om.

Jeg er ei av mange som elsker hus og hjem. Jeg forsvinner til en helt annen planet når jeg får et fint interiørblad lagt i hendene. Jeg blir helt gira av å komme inn i et vakkert rom, og jeg drømmer om hus og hage – i hodet mitt er det ganske godt planlagt allerede; kjøkken, bad og soverom. Jeg vet akkurat hvordan jeg vil ha det. Det er lite, eller ingenting, av det jeg drømmer om som minner om båten vår som er innredet på 90-tallet i en slags ”old navy” stil. Å pusse opp her er bare å gi opp. Helt upraktisk, for maling vil skrelle av og tapeter er ikke spesielt godt egnet på et sted som skal tåle mye fukt. Og det frister heller ikke så veldig å gå i gang med sandpapir og malekosten her i varmen… Men når jeg legger vekk ideen om hva jeg oppfatter som vakkert og kanskje moderne, begynner mahognien ombord å sjarmere meg og jeg syns båten vår er ultrakoselig – og jeg er hjemme her. Hjemmet skapes verken av tapeter eller den riktige fargen på sofa eller vegger. Vi fyller hjemmet med saker vi liker, det gjør vi i båt også, men først og fremst skapes hjemmet gjennom tilstedeværelsen av de som bor der. Hva vi er opptatt av og hvordan vi forholder oss til hverandre. Alt dette bidrar til å skape en god eller dårlig atmosfære i hjemmet. Jeg håper at hjemmet vårt oppleves som et godt sted å være, ikke bare fordi vi har forsøkt å pynte opp med laminerte bilder og fargeglade plastikkduppedingser, men fordi vi har det morsomt sammen vi som bor her – og har god tid til kaffegjester og andre ikke kaffedrikkende venner som vil være her sammen med oss.

I går lot jeg kamera ligge fremme mens vi sulla med våre småting her. Knipsa litt nå og da, og har plukket ut noen glimt av mylderet som du kan få se på. Dette er ingen styla boligreportasje, men et lite gløtt inn i vår verden. Velkommen inn i heimen vår!

March 25, 2011

Heime igjen…i Stillehavet

I solnedgangen vart me møtt av blide naboar på flyplassen på Raiatea. Båten vår hadde dei vaska og sett mat på bordet. Det gjorde godt etter omlag to døgn i lufta og på flyplassar. “I morgon tek me oss ein sundag”, sa me til kvarandre. Men i tre dagar har me no vaska, pakka ut og fiksa heimen vår. Morgnane og ettermiddagane er deilige, men me jobbar framleis med å tilpasse oss varmen mitt på dagen. Det blir mykje baljebading, hengekøy og vifte-sleiking desse timane.

Neste prosjekt er å tre på segla, gje motoren service og bunkre. Men no fyrst handle på Champion. Pariserloff, eplesylt og våtservittar.

All is well!

March 18, 2011

3, 2, 1…

20110225seiltur


På sundag morgon tek med med oss nåla i høystakken og ti fuglar på taket og pakkar snippsekken. Esker er pakka og reservedeler har blitt skaffa. Omlag to døgn tek det å fly frå Oslo til London, LA, Tahiti og Raiatea. Der skal me snu dag til natt og natt til dag, ordne båten klar og igjen kaste loss mot nye øyar og nye hav. Me har hatt gode dagar heime og kjem til å sakne både familie og venner. Men det skal verta godt å komme heim igjen. Heim til La Familia.

Bildeforklaring:
Raud -segla distanse
Blå  -tentativ neste etappe

December 17, 2010

Kaster loss igjen mars 2011

tuamotos39

Vi er hjemme på ferie. Ja, ferie. Ferie fra en god hverdag på de syv hav. Hjemme for å vente på at orkansesongen skal gå over slik at vi igjen kan fulle båten med rusk og rask og familie på tur. Det er godt å kjenne på kontrastene. Palmesus og blått hav har vi tatt for gitt. Snuefribarn, morgenbad og god tid sammen er plutselig ikke like lett nå. Dusj, do og dinner er supert her. Ja vi gleder oss til norsk jul. Men våre hoder er delvis igjen der ute. Vi ser frem til å reise hjem til båten vår i mars og forsette ferden vestover til verden beste land å bo i: Norge.

Høyr intervju på NRK-rogaland (24min ut i sendinga)

Klikk her for å se hva vær som venter oss der båten nå ligger.