Palau by bike
Etter å ha feira Australian-day med Aussi-aussi-aussi: oi-oi-oi, kengurukjøtt og kake her på Sams Yacht club med andre seglarar som ei verdig avslutning for Milja har me hatt nokre late dagar på sykkel. I dag har me vore på sjukehuset og fått oppdatert kunnskapene om sårbehandling i tropiske strøk, ete lunsj på cowboy vis og teke lang dusj. I morgon skal me på fotoshoot hjå ei av dei mange filippinske damene som jobbar på Palau og som vert forelska i våre lyse små.
I korte trekk slappar me av til me får besøk av Halvard og Bjarne Håvard frå Finnøy. Dei skal få 10 hektiske eventyrdagar på Rock Islands og i passa før me saman skal segle til Filippinene. Dagen før dei flyg heim kjem Håvard og vert med oss til og med Anne sin store runde 30-årsdag, som også Therese og Harald AAmlid kjem for å feire med oss. Planen vidare er rolig seglas til 5km av Malysia før Singapore til marinaen Dangabay.com der me planlegg å la båten kvile nokre månadar frå juni medan me reiser heim på ferie ein tur brune og fine og kanskje jobbar litt.
Palau – butikkar igjen etter 4 mnd
Så fann eg meg under båten ei nattmorgon ute på Stillehavet for å skjære ut tøybleier frå propellen. Me hadde vore om lag ei veke på havet frå Mikronesia og var nå ikkje langt frå passet inn til Palau. Delfinane forlot båten når me tok ned segla og eg hoppa i vatnet med kniven, så om eg skulle sjå store skuggar bevege seg under meg var eg fort klar til å sprette opp bak på båten. Båten rulla fælt i dei store dønningane og vinden. Me hadde segla kun på riggen den siste natta for ikkje å komme fram før på morgonen. Stundom segla me i 30 knop vind i 4 knop fart kun på riggen. Bleiene kom til sist laus og me kunne segle siste halve timen inn mot passet.
(10min seinare) Bssss. Fisk. Me drog inn og vart overraska over at me så lett fekk inn ein fin sverdfisk (Sailfish). Det passa godt for den var alt for stor for oss, men nå var me straks i Palau og kunne dele med oss. Etter innsjekk og oppankring drog Anne bestemt mot det flottaste resortet og gav kjøkkenet fisken mot ein luksusbuffet for oss alle neste dag.
Slik gjekk det til at me no sitt på bassengkanten på det finaste hotellet på Palau og er fulle i magen. Kleda, båten og oss har vorte vaska. Me er som nye igjen.
Charterferie i Fiji
I ein liten månad har me kompis-segla saman med SY Good Mood. No ligg me på same moring utanfor Nadi i Fiji med dei. Besteforeldre heime har kjøpt draumehuset til dei, mot at dei seglar sporenstreks heim til Grytastranda. Det betyr hav, hav og hav for våre venner i mange månadar framover – og sakn, sakn og sakn for born, kone og mann på La Familia. Den siste tida har me difor berre fått kosa oss på nåde saman med dei pga nødvendige reperasjonar og ein sjuk kaptein. Men no er kapteinen i betre form og truar med å settje båten i stand til avreise. Me har ikkje gitt opp og kjører propeganda på felles reis til Malaysia med litt roligare tempo.
Den siste tida har me altså vore på moring utanfor eit kjøpe- og turistsenter. Om lag kvar dag har born, i følge med ein vaksen eller to, sjarmert seg inn til badebassenget på Hilton eller Sharaton. Det har vore herleg avslapping på mjuke puter medan borna har plaska og bada. Det er noko med det lyse håret og dei blå augo som gjer at alle smilar, pekar, tar på og snakkar med borna.
Ellers har bloggen diverre vore nede nokre dagar pga eit hackingforsøk? Takk til Olav som har fiksa.
Talofa Aslak
”Talofa” sier den trygge og brune mannen på kaien. ”Talofa lava” skulle eg ha svara, men eg er ennå ikkje komen inn i kvardagsryme og skikkar her i landet. Øya heiter Samoa, byen Apia.
Frå desse strender, nokre lange med kvit sand, andre med vulkansk mørk stein, reiser liane seg jungelgrøne mot nutane. Dei er spisse, og bratte klufter og skar kastar nedetter, med ein bekk i botnen. Sume stader kjem sidebekkar kastande i fossar fleire hundre meter høge. Me køyrer bil på vegar som svingar seg oppetter jungel og kulturlandskap. Der beiter det kyr, sume tider griser. Høns kjem piltande over vegen, nokre tider med kyllingar på slep. Me fer over eit høgdedrag og ser vatnet breia seg, rundt kring er det spisse nutar. Det er calderonen etter ein vulkan me køyrer gjennom. Steinane me ser er fulle av hol, vitne om at dei er danna i svær varme og med gassblører. Eine bekken med går bort til har bekkebotn av basalt, krystallisert, utan gassblører, svart stein.
PÅ søraustre enden av øya får eg høyra at det var ein tsuami i 2009. Over 200 menneske omkom. Me ser fundament og delvis knuste rester av hus. Her er eit strandsenter og me kan snorkla, Mat er å få kjøpt. Eg ser fiskar og koraller. Botnen er strødd med finger korallar, dei ligg som eit endelaust teppe. Fleier store korallar som ser ut som soppar, med stilk og hette, er brotne av og ligg livlause opp ned på botnen. Så ser eg stadig tekstilar, ein fin blondekjole voven fast nede i korallar, ein sko, nokre bygningsplater, eit par søyler …. det sig over meg ei trist tyngsle, dette kan vera rester etter den lagnadstunge dagen.
Turen vår har sitt utgongspunkt at eg er far til ein verdensomsiglar. Han (Kleng, 33år )reiser med kona si, Anne, ( 29år) og med to born, Liva ( 2år) og Edgar ( 7 mndr). Dei starta for 2 år sidan på Trinidad. Undervegs har dei hatt fleire familielemer eller vener med over nokre strekk. Eg og kona mi har fått ordna oss 7 veker fri i sumar og skal vera med på dette eventyret.
Dei to borna viser oss glede og sorg, Liva uttalar til og med titlane våre, Besta og Besten.
I dag kjem John og Naomi på ”Renova” og Eric på ”Secret agent man” innom for å feira Liva sin 2 års dag. Seinare i kveld er det flammedanskonkurranse straks attved her. Det er vist ein Samoansk tradisjon.
Kunstnar som provoserar
Den beste dagen i mitt liv!
Etter pannekaker til frukost med bryllaupsreisegjester frå nabobåten på besøk utanfor yachtcluben på pt. Toamare gjekk me med motor innanfor revet oppetter Tahaa. Me ankra opp utanfor eit par øde motoar og eit lite luksusresort. Der fann me ankringsplass i 7 meter sand. Igjen hadde me rokker, fisk og korallar rundt båten. Me pakka oss i lettbåten og drog inn til den nærmaste holme og gjekk over på yttersida for å la oss drive med straumen gjennom korallane mellom holmane. Edgar var litt skeptisk til ein litt stor ring, men fann snart roen. Liva peika på småfisk og spratla med beina. Me fekk god fart etter at det har blåst frå vest ei siste dagane. Snart var me igjennom og hadde rolig bading i sanden på andre sida.
Eller me var tilbake tok Anne ut for å fotografere frå resortet til ein reportasje frå Tahaa. Etter eit par timar var ho tilbake i ein sjølvstarta dingy, nett i tide for Edgar til å få sin dundermat. Nå er det kveld og solnedgang over Bora Bora i det ikkje alt for fjerne. I slutten av veka, etter nokre fleire rolige oppankringar innanfor revet tenker me å fortsette den lange seglasen heimover.
No er det tøybleievask i snorer etter båten og rensing av watermakeren.
Sailing again!
Segling innanfor revet mellom Tahaa og Reiatea er herleg. Rolig seilas på flatt vatn. Me flyt. Flyt av gårde. For å få stille trompeten i akslingen. Flyt mot ein marina der båtar står som kyr som skal mjølkast. Men ikkje for å mjølke, men der aller skrapar, pussar og malar giftstoffer på båtane sine. Ingen ting minner om slike stader når ein seglar, men av og til lyt ein gjera sitt pitt-stopp. Slik som nå. Me bad om ein rask inn og ut av vatnet for å skifte det utslitte lageret frammom propellen. Det vart ein veldig lang dag, og ein dag til før me fekk komme på havet att, med frisk motor. Men no flyt me vidare. Vidare mot nye øyar og nye hav. Det er herleg.
Stillehavsprinsen vår har runda halve året:)
På vent…etter ein liten del
Alt er klart for avreise…utanom at det kjem ein trompetlyd når propellen går rundt. Lageret som må skiftast har dei ikkje i Polynesia, så nå ventar me på pakke frå NZ før me kan løfte båten på land, skifte lager, sette på sjøen att og så heise klutane. Nå kosar me oss som pensjonistar i båten i marinaen.
Takk for satelittmeldingar. Dei vert lest opp fleire gonger og til stor glede. Me lovar personlige satelittmail til dei som tek seg tid til å sende slike helsingar til oss. Hugs at de kan dele alt med oss. Me er langt vekke lovar ikkje å sei ting vidare…
















