Archive by Author
June 9, 2010

Bildedryss Fatu Hiva

Bildedryss Fatu Hiva

Anne og Kleng har sendt over nok et herlig bildedryss. Her er det bilder av deilige Liva, runde mager, store statuer, nydelige natur, vakre blomster m.m.
Enjoy!

May 31, 2010

Ka-å-ha! (Hei!)

IMG_1165

Ankeret ligg no i sand på 15 meter utanfor hovudhamna i Nuku Hiva. Her ligg
omlag 20 seglbåtar og fire fem lokale opne fiskebåtar. På land er to
dagligvarebutikkar, post, bank og kommunehus. I lufta svirrar eit
sakte og dyrt wifi. I natt skal me tjuvkople oss på og få nytt om
askeskyer, vær og venner der heime.

Siden sist kan eg melde om lang svømmetur i hai-hav med kjøttstykker av lam
og villsvin på ryggen, spydfisk som eg såg svømmande i ei bølge mot agnet
vårt (full aktivitet når den tok kroken, tre store hopp og så stakk den med
heile agnet – frå nå skal me fiske med kjetting!), nakenbading i elva på
Commador og klesvasking på morsdagsfest.

May 27, 2010

Tapte fisk og andre historiar

Tapte fisk og andre historiar

Mmmmm

I Panama investerte me i to slynger, to Riffe-spearguns, snorklar, finnar og masker. Lærekurva har vore bratt berre for å kunne dykke ned og bli ei tid der nede. Men no trengte familien fisk og kapteinen gjorde klart for å ta sitt fyrste skot. Eg svømte ut til enden av bukta me låg i og dykka ned. Eg var plaga med vatn i maska og for mykje oppdrift så eg fann aldri roen. Så snart eg hadde komme ned ville eg opp at til luft og god sikt. På veg tilbake svømte eg seint og dykka oppgitt eit par siste gonger, meir for å trene. Så fekk eg med eit fire fem nysjerrige
flotte matfisk til meg oppe i vassflata, men dei var forne før eg hadde fått av sikringa. Eg tok meg god tid den siste etappen tilbake til båten for i det minste å finne noko eg kunne øve på. Så såg eg at haien som eg hadde sett tidligare og som eg måtte ha sloss med om eventeuell fangst glei under meg på botn. Nei, vent litt. Det var då ingen hai, men ein kjempefisk! Eg ville ikkje vera forsein og fyrte av eit skot i opphisselsen. Spydet fauk gjennom vatnet, men tok ikkje beistet. Hadde eg berre teke det roleg kunne eg ha dykka mykje nærmare og sett eit
sikkert skot. Det hadde vore litt av ein kjempefangst på mi fyrste pil, men det vart kjøttkaker og potetmos til middag denne dagen.

To dagar etterpå er me på veg frå Hiva Oa til øya Ua Huka. Me startar før gryinga for å vera sikker på at me kjem fram i dagslys. Litt utpå morgonen legg eg med nedpå. Vindroret styrer, segla seiler og Anne held lesevakt. Brrrrr. Senen renn ut frå fiskestonga. Eg sprett opp og må stadig strame gearen slik at ikkje alt snøret forsvinn. Stonga står i spenn og snøret er no så stramt at eg ikkje vågar strame meir. “Den tek alt snøret”, seier Anne. Men i kvar ein pause den har klarar me å snøre inn nok til å halde den og ikkje lenge etter klarar me å hente litt
etter litt. Me speidar spent i havet etter kva beist me skal grille på stranda når me kjem fram. Anne hentar hanskar og eg finn fram den store kleppen. Kleppen bit seg fast i halsen til ein rund, stor, kvit “tunfisk” med mørke horisontale striper. Perfekt middag! Me inviterer til fest på stranda! Eg står bak akter med kleppen i fisken. Tek ut kroken. Fisken sprellar. Blodet sprutar. Vips dreg den av seg halsen og er fri kleppen. Med 4 knop fart frå sette segl vert me separert frå fest og glede.

Snøret er nå ute igjen. Det er omlag seks gode timar igjen til å få noko ferskare og betre.

9:191s 139:099w

May 26, 2010

Rikdom er hva du gir, ikke hva du har… :)

Rikdom er hva du gir, ikke hva du har… :)

Jeg må bare dele noen av disse fantastiske øyeblikkene med noen av dere der hjemme. Skal i alle fall forsøke å male et bilde med ord…

Vi seiler langs nordkysten av Hiva Oa nå. Tar en dag her, et par dager der, og så seiler vi videre når vi føler for det. De siste ankringsstedene har vi ligget alene eller sammen med èn annen seilbåt. På land bor det en og to og tre ungkarer eller familier. Når vi går i land på strendene her tropper vi egentlig opp i hagene til folk. Der har
de båtene sine, kokospalmene sine, og hundene pluss en del andre rare dyr som vandrer rundt. De har hengekøyer i skyggen av trærne, og litt lenger inn har de frukttrærne sine. Det er ingen selvfølge at vi kan bare troppe opp og vandre rundt der. Men på hvert sted blir vi ønsket velkommen. Ja, kom hit! Følg etter. Se her, ta med litt frukt! Nei, ikke vær beskjeden, se her! Så fylles veska og favnen om vi har plass. Værsågod! No problem! Ja, ta et bad i kulpen ved kildevannet. Velkommen!

I dag tidlig tok vi dinghyen inn til land for å bade litt før sola blei for sterk. Liva øvde på å gå sammen med Kleng på stranda mens jeg tok en bleievask i elva her. Vi hilste på en kar som bor her, og etter bleievask og gåtrening inviterte han oss bort på morrakaffe utenfor hytta si. Der skulle du ha vøri Susanna! (Mi stylistvenninne som ville
ropt rundt seg; åååååå, det er så fiiiiint!) Vi satt på en slitt hjemmesnekra benk i skyggen av fletta palmeblader og drakk søt kaffe med tørka bananer attåt. Ned fra taket hang flettede kurver og uthula kokosnøtter med toalettsaker, sigaretter og hva man ellers måtte trenge for å bo i ei lita hytte i paradis. Vår venn fortalte om hverdagen sin som går ut på å sanke kokosnøtter som brukes til å produsere olje, og noen intensive måneder med fiske langs kysten her. Han var fornøyd med
tilværelsen; jeg er min egen sjef. Bon! Og mens vi sitter der blir vi bare snikoverøst med gaver: Melon, agurk, øredobber av skjell som Liva skal få til bursdagen sin, ei kokosnøttkorg (som jeg likte veldig godt!), og tørka bananer – som er god til kaffen! Det slår oss når vi er på vei tilbake til båten at hver gang vi kommer fra land har vi fått noe av de vi har møtt. – Uten at vi har bedt om noe! Det gjør at vi føler oss veldig velkommen, men mest av alt forteller det meg at de vi treffer er fornøyde mennesker som ikke er redd for å dele av det de har. Jeg tror det er tegn på et rikt liv.

9:458s 138:53w

May 25, 2010

Knockin`on heaven`s door

fatuHiva03

Kjærleiksvisa av Halfdan Sivertsen og “ingen er så god som du” vart til Knockin`on heavens`s door. Tretten grep vart for mykje på ein dag, fire var perfekt. Så kjære anne: “It`s getting dark, too dark to see. Feels like I`m knockin`on heavens`s door.”

Liva dansar med. Ei god veke til den store dagen.

9:421s 138:596w

May 25, 2010

Kjeldevatn og klomrian

Skulle den svarte vulkansanden sleppe vatnet slik at du fekk god sikt
til å dykke ned på omlag 10 meter i vika Hanamenu kan det godt hende at
du finn noko langt og gult. Like etter at eg mista Hawaii-slynga mi kom
4-5 store makrellar og bada med meg. Sikten var elendig og sjølv etter
fleire dykk kunne eg ikkje finne leika mi att. Enorme rokker svøm også
her. Då eg var ute i Dingyen kom dei og helsa på meg og “segla” rundt
båten.

Me gjorde landkjenning med den vesle kvite dingyen ved utlaupe av ein
liten bekk vest på den svarte sandstranda. Etter at Leo ynskja oss
velkommen frå feriehytta si og overleste oss med paplemos (vår favoritt)
gjekk me å bada i kulpen under utspringet av kjelda. Den kjem beint ut
av berget og dannar ein oase i det tørre landskapet her på nordsida av
Hiva Oa. Vatnet var friskt, klart og smaka fantasisk. Liva bada. Kleng
bada og Anne bada.

Me tok med oss ein familie med slekt og venner av sandfluer på veg til
neste bukt Hanaiapa. Dei er som bananfluer berre at me som har invitert
dei med endar opp med å klø rundt på kroppen. Nå på andre dagen ser dei
ut til å endeleg verta leie oss og søkje nye moglegheiter andre stader.

9:421s 138:596w Hanaiapa, Hiva Oa, Marquesas

PS! Skriv gjerne helsingar på sms til oss slik som me mellom anna har
hatt glede av at Johanne, Besten&Besta, Trond Boge, Ole-Marius og andre
har gjort.

May 23, 2010

Ingen e sa go som du da!

fatuHiva05

Kleng hadde alle disse prosjektene som han trodde det skulle bli tid til
når vi la ut på denne turen… Tiden har løpt litt fra han, og det har
blitt mest seiling, fiksing, organisering og å være pappa. Men nå har vi
rolige dager, og i morgen har han bestemt seg for å ta frem gitaren og
lære seg noen grep. Jeg gleder meg til kvelden når han skal fremføre
Kjærlighetsvisa. – på nord-norsk selvfølgelig;)

Ingen e så go som du, da!

Ha en vakker dag!

Anne

May 19, 2010

Barnevakt

Larry og Kim (Helen – men kalla seg Kim når ho var ute på vift med venninene og vart difor Kim då ho traff Larry) skal vera step-in besteforeldre for Liva når kjæresteparet skal ut å snorkle. Me traff dei i Hiva Oa etter at me vart fyrste menneska dei snakka med etter langturen frå Mexiko så no skal det vera bilde av både Liva og meg på www.svmagenta.com.

Andre planar for dagen er å vaske vekk groe under og på sidene av båten. Ete vår siste pomplemos. Kanskje kan det verta pinnebrød på land og rester frå brownies på andre dagen også?

Liva “rydder” no bordet.

May 18, 2010

Ny strand

Me feira 17.mai med vakning til ny dag for oss sjølv i ei av dei buktene
som skal vera best snorkling i Marquesas. Liva og Kleng åt havregraut,
som vanleg, men med Anne vart det pannekaker. Kleng plupsa uti og fann
fiskar han før aldri hadde sett. Hadde han teke med seg harpunen er han
viss på at han ville kunne ha skutt 3 gode matfisk i same skot. Om han
hadde fått dei med seg tilbake er noko utsikkert, for mellom
snorklestaden og båten patruljerer hai som gjerne tek maten frå ein
stolt jeger.

Me tok dingyen til neste bukt der det var ein liten landsby. Butikken
vart låst opp for oss og me fekk kjøpt 17-mai is og limonade før me vart
invitert på samling i den vesle kyrkja. Det var biskopbesøk og stor
stas. Ved nattverden kom biskopen springande ned benkeradene og tok
nattverdoblatet frå ei litt betutta Anne som hadde venta forjeves på å
få dyppa den i vinen og tok den difor med seg(?). Han snappa den ut av
handa henner og la den tilbake i sølvboksen som vart låst inn.

Etterpå var det festmåltid på det opne forsanlingshuset. Liva fekk to
små venniner som hadde dei fine namna Penger og Alkohol! Alle kvinnene
røykte. Det vart Polynesisk dans for biskopen før maten var klar. Me var
blitt invitert av fleire, men når startsignalet gjekk for maten pressa
alle seg på og me vart ståande litt på vent på vår eigen 17.mai fest.
Nett når eg skulle gå å forsyne meg kom ei dame bort og sa at kjettingen
var røket og at båten vår var på fri drift ut mot havet. Eg spratt opp
og ned på stranda, men kunne sjå at den låg fint i neste bukt. Ein bil
vinka på meg. Dei kunne fortelje at det hadde vore ein stor eksplosjon
når dei skulle lage veg og at båten var truffet av store steinar. Eg tok
meg til hovudet. Nei, ikkje noko problem. Eksplosjonen skal vera om 8
min. Du må flytte båten. Eg kasta meg i dingyen, kom meg ut til båten og
fekk signalisert til arbeidsfolk på land at eg var på veg ut. Etter å ha
flytta båten og komme meg tilbake var festen over. Ingen 17.mai lunsj på
Kleng. Anne laga nudler og nydelege wok-restar til meg og alt var godt
igjen. Ei uforgløymeleg 17.mai vart avslutta med snorkling, paela og alt
formykje brownies.

9.55s 139.06w

May 17, 2010

God morgon Noreg!

Kjære landsmenn!

Lenger vekk frå deg vårt kjære heimland er det uråd å komme enn til
dette Polynesia. Men når no sola senkar seg i havet er det nett det same
lys som skal stige opp og skine opp Noregs døtre og søner i fargerike
nasjonaldrakter og vårt raude, kvite og blå banner på vårt Noregs
frigjeringsdag 2010 år etter Kristus sat heile verda fri. Tredeve
grader, blå himmel, palmesus og strandhogg på ei stillehavsøy klarar
ikkje å øydelegge den gode følelsen og minna om vondt i magen etter for
mange is og pølser, tidleg vekking frå tuting frå bilkortesje, snakk om
været, kløen av bunad og vonde bein i tronge sko. Nei, du mitt Noreg har
aldri vore nærare enn i dag. Me helsar deg og alle dine. Måtte talane
verta lange, været ustabilt og kleda tilgrisa av mat frå barneleik! Og
måtte felles frukost med vener ilag, heimebakte kaker på misjonshuset og
møte med gamle kjente på gata fylle dykk med glede og framtids håp.

Fred og fridom frå oss på havet,
Anne, Liva & Kleng
SY La Familia