Anne i Elle
To triste og ein glad
Brrrrrrr, senen forsvinn ut. Eg slepp makaronien tilbake på benken og er
straks oppe med fiskestonga. Eg stramar litt på gearen. Ikkje for stramt
for då ryk senen eller fisken slit seg. Ikkje for slakk for då forsvinn
heile lina ut utan at den eingong har gjort beistet trøtt. Me reduserer
motoren og flyttar på lettbåten. Me går for motor nord-vest på Nuku Hiva
og er i le for bølger og vind. Så rettar stonga seg ut. Eg begynner å
sveive inn, men det er ingenting der. Eg sveiver fortare til eg står med
bleksprutkroken i handa. Anne er taus.
Eg kastar den ut igjen. Gir marsjfart på motren igjen og er straks på
veg ned då senen igjen flyg ut. Brrrrrrr. Denne gongen skal me få den
inn. Stonga bøyer seg ikkje like mektig med denne fisken, men det vil
framleis vera eit godt måltid for to store og ein liten. Eg slakkar på
motoren og begynner å sveive inn. Den var veldig lett no. Der kjem
kroken og ingen fisk. Eg slepp ut igjen utan å ta kroken heilt opp.
Dette var forerkeleg. To gode fisk på 5 min på tre-arma krok og begge på
havet.
Brrrrrr. Ikkje meir enn at eg hadde fått vore nede og lagt makaronien i
det kokande vatnet så fekk me igjen den herlege lyden av sen som vert
drege ut på snella. Eg strama, men senen gjekk framleis ut. Stonga stod
i spenn sjølv med liten fart. Eg lot senen gå og gå. Prøvte å sveive inn
litt, men det var urå. Meir sen gjekk ut. Så fekk eg inn litt sen. Og
litt til før den tok sen igjen. Eg sveivde sakte inn med full bøy på
fiskestonga. Snart var den slik at me burde få eit glimt. Senen gjekk
rett ned. På nytt tok den ut med senen, men no var det begynt å verta
trøyt. Neste gong me fekk den inn fekk me sjå den. Den la seg slakk på
sida i vatnflata. Wow! Det er ein familierekord! Eg sat hukken i den
medan Anne helte alkohol på gjellene for å bedøve den. Me klara å binde
den med halve Wahoen opp over rekka og halve slepande etter oss i havet.
På bilda er den like lang som eg er høg. Grå og slank med ein finne på
over heile ryggen og eit spist hovud. Eg trur det må vera den største
fisken eg nokon gong har sett! I går kveld hadde alle dei ti båtane og
lokale her i Danielsbay fin fersk kvit fisk på menyen. Fleire vil også
ha det dei neste dagane. Me inviterte oss over på staselege Nordwind på
deilig festmåltid.
I dag skal me gå opp til verdens tredj høgaste foss og ta oss eit bad.
Liva har alt fått eit lag med 50. Når det har turka skal ho få eit lag
med myggmiddel. Så er me klar.
-8,56611 -140,09811
Jakta og bli jakta pa
Skal eg straks plupse i havet igjen med harpunen min. I går var eg også
ute her og såg både hai, rokker, fargerike korallfisk og matfisk. Det
vert fyrst spennande om eg skulle klare å spidde middag. Haien er ikkje
farleg for mennskje, men vil gjerne ha sin del av eit bytte. Eg likar
best å dra byttet mitt med meg på enden av spydet, men lokale er raske
med heller å dra det til seg og kaste det i ein balje som dei dreg med
seg.
-8,47259 -140,10685
Ny ankring – nye muligheiter!
I guiden vår står det at Baie Hakaehu har ein nedlagt gard slik at det
berre er å forsyne seg med pomplemos, karenbol, mango og sitron. Me
ventar til klokka vert to og sola vert litt svakare før me tek dingyen
til land. Før det sender me litt satelittmail, et lunsj og les litt bok.
Les no “Wind, Sand and Stars” som skulle vore ein passande tittel også
for oss hadde det ikkje vore for at Antoine De Saint Exupery skriv om
sine eventyr i lufta.
Kva gjer me på i dag?
Desse dagane seglar me rundt Nuku Hiva. Nuku Hiva er hovudøya på Marquesas og ligg lengst nord av dei øyane som er busett. I natt låg me i bukta Hatihau som kanskje har 50 innbyggarar, butikk, skule og volleyballbane. Sjølv om vind og vær kjem på øyane frå aust rullar det litt i vikene her på nord, i sær når båten legg seg på tvers for dønningane.
Ankerstaden Anaho som me kom frå var anleis. Der gjorde bukta ein sving i enden slik at me kunne ligge på flatt vatn i stille senger. Men om
nettene laga ankeret lydar som om det var eit pukkverk. Det synte seg at me hadde kasta ankeret godt ned i korralane. Kjettingen forsvant ned i ei sprikke for å komme opp ein heilt annan stad og retning. Ankeret kunne eg ikkje sjå. Var me nå fanga i paradis?
Liva elska å øve seg på å gå på strendene der og fann stadig nye skjell å plukke med seg. Eg gjekk på undervatnjakt og fekk ein sølvblank
Goatfish på fyrste skot. Me hadde Waho dagen før så byttet mitt fann aldri veg til talerken.
Snart var me fem båtar på anker og me fann at me ville vidare. Starta opp motoren, men ankervinsjen ville verre ned og ikkje opp. Ross på
Sojourn gav meg identisk til den kabelen som hadde gitt seg og som eg då fekk bytta. Så var me klar igjen. Litt lirking og luring så var
ankeret oppe! Me skulle berre rundt neset og til neste bukt og slepte difor dingy og hadde gjort minimum av opprydding. Temperaturalarmen for motoren gjekk og plutseleg segla me. Me kryssa oss inn til oppankring. Eg kikka på motoren og fann at ferskvatnenivået og oljenivået var bra og at det måtte vera manglande oljebytte som var årsaka. Igjen kom Ross på Sojourn over og tok ein titt. Ikkje lenge etterpå hadde han skifta impelleren til saltvatngjennomtrekket (Takk igjen til Yngve for ekstradeler og verktøy) og La Familia (motor-) seglar igjen.
Ross og Jo hadde oss over på kvelden på grilla fisk, juice og gitar. Seglmakar Ross har dei siste 20 åra leia New Zealand sitt lag i Americas
Cup og har jobba som gitartrubadur i ungdommen. Jo er stylist og kokk. Me laga brød og delte Liva med dei.
No er det frokost for Anne etter at Liva igjen har sovna etter havregraut og mogonstund med far. Nok ein dag med blå himmel, palmer og
båtliv i Stillehavet.
Dagens mattips fra Stillehavet
Tante Julie kjøpte et stort gresskar på Galapagos. Vi har leita gjennom våre oppskriftsbøker på jakt etter et tips om hvordan denne klumpen kunne tilberedes, uten hell der. Men på seilbåten “Haze” fra København har de et fantastisk crew som lager de deiligste retter. Andy er en mannlig utgave av Babette – jeg blir nesten forelska når noen kan lage så god mat! Han gav meg denne oppskriften, og den ble så vellykket at jeg vil sende den videre. God fornøyelse!
Græskarsoppe (6pax)
2 stk gresskar
6 stk kartofler
5 løg
1/2 – 1 dl lime
1 1/2 liter grønsags buljong
1 knold ingefær
Hak løk, skrald kartofler + græskar. Svits i stor gryde. Riv ingefær og svits med. Tilsæt buljong og kog 20 min. Tag av gas, og blend med stavblender. Tilsæt lime efter behov. Smak til med salt, peber og fortynd med melk.
Nydelig! Dansk og suppen er nydelig!
Matmor Anne
(ligger fremdeles på flatt vann nord på Nuku Hiva).
Stille seng
Baie de Anaho ligg nord aust på Nuku Hiva. Her inne klarar ikkje havet vogge vår seng. Me motorsegla hit i går frå Taiohae (Marquesas sitt Judaberg). Bukta endar i delvis fjellformasjonar og delvis sandstrand. I dalane er det ser det ut til å vera kraftig vegitasjon, medan ut mot nesa verkar jorda å vera avsvidd, nærast mot ørken. For å komme til land lyt en ta lettbåten gjennom tronge koralrev. Prosjektet i dag er å hente fylle vatn. Vatnet her skal vera av ypperleg kvalitet. Då vil me ha godt med drivstoff, Propane/Butane og vatn. Då er det berre kanskje stram som me er lave på. Lærdommen er at fire vanlege bilbatteri frå eit skur i Panama ikkje fungerer godt til servicebatteri for båt. Me skiftar batteri i Tahiti til neste sesong. Ankerkjettingen må også skiftast etter at eg “reparerte den” med KR1 og zink i Panama. Nå vert havet raudt og rust kjem av i store flak på dekk.
Men i dag er det vatn, strand og skjellsamling.
8:4927s 140:0385w Nuku Hiva





















































