Comotos med Håvard,
Hadde du vore med litt lengre Halvard ville du nå låge i eit symjebasseng og
sett ut over kvite palmestrender og La Familia ankra utanfor korallrevet. Du
ville ha drukke ferskpressa mangojuice til 3 kr og kjørt lettmotorsykkel på
kronglitte vegar mellom enkle hus og til gledeshelslsingar frå born i uniform
som var på veg heim frå skulen. Du ville stoppa ved ei lita bod og betalt 2
kr for å kunne krabbe ned i ei grotte og funne eit ferskvatnbad 200 fot under
bakken.
Eller du, Bjarne Håvard som nå er i vinter-Japan, ville kanskje sett pris på
å morgon-snorkle på korallane rundt båten og vorte fasinert av at du
plutseleg fant deg inne i ein stim av Bonitos. Kanskje hadde det vore greit
med nokre dagar til med bok i skuggen på dekk når me no heiser anker for å gå
opp til Punson Island.
Håvard kosar seg som onkel, her ned i varmen. Han har teke over oppvasken etter
Bjarne Håvard, men er snart klar for å få ansvar for å trykke vekk pipinga i
autopiloten.
Me hadde tenkt å vera 1-2 månadar i Filippinene, men snakkar nå alt om at me
kanskje lyt vera lengre…
10,35.115n 124,18.104e


















































